Lukk
Søk
Søk Meny

Drømmeriet

Ein musikal av og med Musikalløvene. Hugsar du barndomsdraumen din? Drøymer du om noko no? Om du kunne gjort kva som helst, kva ville du gjort?
Kjøp billettar
  1. Spelar Laurdag 15. juni kl. 14 og 18
  2. Scene Hovudscenen
  3. Varigheit ca 1 time

I «Drømmeriet» ligg alle draumane dine og ventar på deg. Både nye og gamle, store og små. Kanskje du har gløymt dei? Ikkje ver redd, dei forsvinn aldri. Dei ventar på at du skal finne dei att, vatne dei og la dei vekse – drøyme i det uendelege.

«Musikalløvene» er eit teaterensemble på 15 skodespelarar - kor alle har funksjonsvariasjonar. Dei har fått spørsmål om kva som er deira største draumar og ynskjer. Viss du kunne gjort kva som helst på ei scene – kva ville du gjort? Viss du kunne gjort kva som helst i heile verda – kva ville du gjort? Kva drøymer du om?

Ut ifrå desse spørsmåla og ein lang pandemi, blei ‘’Drømmeriet’’ skapt.
Ei musikkteaterframsyning om skodespelarane sine største draumar. Bak dei står eit stort kunstnerisk team, som har gjort alt dei kan for å realisere desse.

Draumane er alt frå å vere verdas største rockeartist (med einhjørningshorn på skinnjakka), vere astronaut, havfrue og diva, til noko så enkelt (eller vanskeleg) som å tørre å vere seg sjølv. Men og draumen om å få meir støtte frå staten -  slik at det går an å reise til syden igjen med støttekontaktene sine.

Og den største draumen av dei alle: å bli høyrt, sett, anerkjend og tørre å sei ifrå.

Vil du bli inspirert til å drøyme igjen? Bli med oss til ‘’Drømmeriet’’ og drøym i det uendelege.

Drømmeriet blei spelt for første gong i Åsane Kulturhus våren 2023, for eit overbegeistra publikum. Nå gler vi oss til Musikalløvene kjem til oss på Det Vestnorske Teateret og gir deg ein sjanse til å oppleve denne hjertevarme framsyninga!

 

Kunstnarleg lag: 

Idé: Hanne Oline Mellingen, Lykke Kristine Moen 

Instruktørar: Hanne Oline Mellingen, Mariell Christensen, Linn Kathrin Taklo, Lykke Kristine Moen

Låtskrivar: Linn Kathrin Taklo 

Musikkproduksjon: Jørn Lavoll 

Eksterne koreografar: Therese Knoph Sulland, Halvard Haldorsen, Ane Even Gjøvåg, Elise Berg Hansen

Arrangert i samarbeid med Bergen Kommune, Arna og Åsane Kulturkontor og Det Vestnorske Teateret.

Billettar

  1. Kjøp billettar
  2. Kjøp billettar

Bilete

Foto frå "Drømmeriet" i 2023. Foto: Kata Paztor
Bilete {{ scopeProps.index + 1 }} av {{ scopeProps.items.length }}