Under Håsong 2024 blir det to musikkarrangement som krev billettar. Eitt på dagtid i Hosanger kyrkje, og eitt på kveldstid på Mjøsvågen Landhandleri. Ver merksam på at publikumskapasiteten på desse arrangementa er relativt låg, så sikre deg gjerne billettar no!

The Last Hurrah(!!) Big Band

Tid: 14:00 - 15.30 (Dørene opnar 13:00)
Stad: Hosanger Kyrkje

The Last Hurrah inviterer til ei lang, eksotisk og vakker reise i ord og tonar i Hosanger kyrkje. Me får høyra eksotiske instrument som verdsklasse steelgitar, klassisk theremin, kyrkjeorgel, guzheng (kinesisk strengeinstrument), mellotron, nydelege vokaltolkingar og fleirstemd song.

Hans Petter Gundersens prosjekt The Last hurrah(!!) har gjeve ut fire album sidan 2011, og alle har høsta fantastisk kritikk i inn og utland. Det siste albumet, Modern Nostalgia, kom ut i fjor og fekk heile 9/10 i britiske Maximum Volum og 8/10 i Americana UK.

I tida frå 2011 har over 30 musikarar frå øvste hylle vore innom. Me kan nemna: Jon Irabagon, Miranda Lee Richards, Nils Einar Vinjor, John Thomas, Marty Rifkin, Silje Solberg og Jørgen Sandvik. Av geografiske årsaker har The Last Hurrah(!!) halde få konsertar, men om dei få som er haldne, som på Bergensfest med Miranda Lee Richards, og på Vossajazz, går det framleis gjetord.

HP har sett saman eit spesielt utval frå katalogen sin, som han meiner vil høva i kyrkjerommet. I tillegg til den noverande bandkonstellasjonen, får me også eit møte med den engelske pedal steel gitaristen Sara Jory, som skal spela på Mjøsvågen Landhandleri seinare på dagen. Dette vil garantert bli ei unik oppleving!

Medverkande musikarar:

  • Hans Petter Gundersen: gitar

  • Maria Due: vokal, gitar, perkusjon

  • Sgt Petter: gitar, piano, vokal

  • Cecilie Leganger: piano, theremin

  • Sarah Jory: pedal steel gitar

  • Ben Eriksen: gitar, mellotron, piano

  • Nora Yuyue Zheng:  guzheng

  • Andreas Naustdal: bass

  • Stein Inge Brækhus: trommer

Sarah Jory

Tid: 20:00 - 21:00

Stad: Mjøsvågen Landhandleri
Éin felles billett for begge kveldskonsertane

Til historias fyrste Håsong er me så heldige å få besøk av ein smått legendarisk, kvinneleg Pedal steel gitarist frå England. Sarah Jory har mellom mykje anna vore turnémusikar for Van Morrison, og medverkar på fleire av albuma hans.

Sarah er også songar og gitarist, og har gjeve ut fleire soloalbum. Dette blir ein konsert der Sarah spelar frå eige materiale, backa av gitarist Erik Rolland og nokre av musikarane i The Last Hurrah(!!). Det kan nemnast at Sarah, tidlegare på dagen, også skal vera gjestemusikar under konserten til The Last Hurrah(!!).

Medverkande musikarar:

  • Sarah Jory

  • Erik Rolland

  • Stein Inge Brækhus

  • Ben Eriksen

  • Andreas Naustdal

Bearfarm

Tid: 21:00 - 23:00

Stad: Mjøsvågen Landhandleri
Éin felles billett for begge kveldskonsertane

Bearfarm, er eit liveband som kan levera alt frå ambient atmosfærisk musikk til knallhard dansemusikk, spelt med live akustiske instrument og synthar, og med ein god dose elektroniske effektar. Bandmedlemmene driv kvar for seg sine eigne studio der dei også jobbar mykje med produksjon innanfor eit breitt spekter av stilar.

Bearfarm starta som følge av eit tilfeldig møte i London i 2006. Audun Waage og Jørund Gundersen kjenner kvarandre frå barndommen av, og hadde sitt fyrste band saman då Gundersen var 8 og Waage var 7. Men dei miste kontakten nokre år, heilt til dei møttes tilfeldig på gata i London i 2006. Det viste seg at dei omtrent var naboar, med berre ein kort spasertur mellom seg.

Den gongen var Alexander Grieg på besøk hjå Waage, medan Gundersen delte leilegheit med Jonas Raabe. Desse fire bestemde seg for å organisera ein jamsession heime hjå Gundersen og Raabe, og dette vart spelt inn på ein 8-spors harddiskopptakar.

Då dei 4 høyrde på det som var spelt inn, fekk heile gjengen bakoversveis. Det var rystande bra, syntes dei. Dessverre snubla ein av dei i ledningen på veg til toalettet, og heile opptaket forsvann. Slik starta bearfarm-sagaen.

Bearfarm spela sidan regelmessig på klubbar i aust-London-området til eit entusiastisk publikum, men då dei flytte til kvar sine byar i 2007 og 2008, vart dette vanskeleg å vidareføra. Sidan møttest dei kun i samband med innspelingar, anten hjå Jonas på Hadeland, eller hjå Audun i Barcelona, der Bearfarm har hatt ei rekke konsertar.

Det er totalt spelt inn 7 Bearfarm-plater og éin singel (Man Må Gi Seg Hen (som hørt i filmen - the snowman)). Den neste plata kjem ut no i 2024.

Gjennom årevis med musikalsk eksperimentering har bandet utvikla ein unik lyd og kommunikasjon seg imellom. Så når musikken (som er improvisert) blir spelt, risikerer ein å bevege seg innan eit vidt stilspekter, og vitsing med klisjear er ikkje til å unngå. Bandets einaste interesse er å skapa gode vibbar, og kosa seg på scena og saman med publikum.

Dette blir ei spanande musikalsk reise, der det ikkje er forbode å ta på seg danseskoa om ein skulle føla for det!

Medverkande musikarar:

  • Audun Waage: trompet

  • Alexander Grieg: kontrabass

  • Jonas Raabe: synth

  • Jørund Gundersen: trommer